Varmt velkomen til God Kveld gudsteneste!

God Kveld gudsteneste er ein utruleg fin samlingsstad. Her er døra open for alle som ynskjer å ta del i ein litt anna type gudsteneste, ein gudsteneste med aktuelt tema og meir musikk. Merk at vi har endra tidspunktet tilbake til kl. 19.30. Varmt velkomen!

Varmt velkomen til God Kveld gudsteneste!

Kveldens tema er:
Utanfor
Preiketekst: Matteus 15, 21-28 - Den kanaaneiske kvinna

Det blir spanande å høyre kva sokneprest Anders Barstad vil løfte fram rundt dette temaet, og det blir fint å få høyre kva musikk forsongarane og band syng og spelar som ei fin ramme rundt det heile. 

God Kveld gudsteneste er ein utruleg fin samlingsstad. Det er noko med det når kvelden kjem og ein kan få komme til kyrkja og bare være. Her er døra open for alle som ynskjer å ta del i ein litt anna type gudsteneste. Bandet og forsongarane blir leia av kapellmester Geir Harald Eikrem som leverer aktuell musikk som passar med kveldens tema. Under God Kveld- har ein og mulighet til å gå til nattverd. Etter gudstenesta serverer vi kyrkjebrus og snacks - så bli gjerne igjen for ein liten prat.

Har du lenge lurt på kva God Kveld gudsteneste eigentleg er - så oppfordrar vi deg til å komme. Det kan fort være at du likar deg veldig godt!

Gudstenesta passar for ungdommar og vaksne.
Vi ynskjer hjarteleg velkomen!

Sjå under for dag og tidspunkt:

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"